Nyheter

Doktorgrad på avhandling om cannabis ved NTNU i Trondheim

Silje Louise Dahl, Høgskolelektor ved Institutt for sosialfag, Høgskolen i Volda

Silje Louise Dahl, Høgskolelektor ved
Institutt for sosialfag, Høgskolen i Volda

27.03.2015 tok Silje Louise Dahl sin doktorgrad ved NTNU i Trondheim på avhandling om cannabis «Ein forskjell som gjer ein forskjell? Forteljingar om cannabisbruk».
Hun har brukt kvalitatitiv metode og intervjuet cannabisbrukere som har klart å slutte med egen hjelp, uten bruk av hjelpeapparatet.

Sammendrag:

Denne avhandlinga bidreg til kunnskap om ei gruppe rusmiddelbrukarar og eit tema som det har vore mindre fokus på i forskinga; sosialt integrerte cannabisbrukarar som har redusert eller avslutta bruken av cannabis utan å vere i kontakt med behandlingsapparatet. Gjennom fire artiklar utforskar eg dei sosiale og kulturelle betydingane av cannabisbruk. Analysane i tre av artiklane byggjer på kvalitative intervju med 25 unge vaksne som har brukt cannabis over fleire år, og som har trappa ned på bruken eller slutta. I den fjerde artikkelen er datagrunnlaget utvida med 12 intervju med kvinnelege cannabisbrukarar frå ein studie av Sveinung Sandberg og Willy Pedersen (2010).

Eit av dei sentrale bidraga i avhandlinga er analysen av koplinga mellom cannabisbruk og maskulinitet. Vi argumenterer for at cannabisbruk er knytt til ei form for maskulinitet som idealiserer det å vere ung, fri og uavhengig, medan det å vere etablert, lydig og konform vert sett ned på. Cannabisbruk vart oppfatta som ei meir atypisk handling for kvinner, og kvinnene gjorde ofte cannabisbruk mindre sentralt i sjølvforteljingane sine enn det mange av mennene gjorde.

Eit anna bidrag er identifiseringa av den sentrale forteljinga om cannabisbruk som eit harmlaust og behageleg rusmiddel som kan brukast av dei fleste på kontrollerte måtar, og analysen av kva for funksjon denne forteljinga har. Det å uttrykkje at ein ønskjer å redusere eller avslutte bruken inneber eit brot med denne forteljinga, og det kan bli forstått som ein kritikk mot rusmidlet og andre sin bruk av det. Det ligg derfor ei binding i forteljinga som kan gjere det vanskeleg både å snakke om å slutte og å faktisk slutte med cannabis.

Sjølv når deltakarane har trappa vesentleg ned på cannabisbruken og gått inn i meir tradisjonelle livsstilsprosjekt med etablering av familie og fulltidsarbeid, vil dei framleis knyte seg til forteljingane om ikkje-konvensjonalitet som er kopla til cannabis. Dette gjer dei ved å halde fram med å bruke litt, eller halde muligheita opa for at dei kan kome til å bruke igjen. Dette peikar mot at fortolkande studiar retta inn mot å forstå korleis forteljingar om rusmiddelbruk vert konstruerte og kva for funksjonar dei har, er viktige for forståinga av avhengigheit og korleis ein jobbar med rusproblematikk.

Publikasjonar:

Dahl, Silje L. & Sandberg, Sveinung (2014) Female Cannabis Users and New Masculinities: The Gendering of Cannabis Use. Sociology, [Early online]. Tilgjengeleg på: http://soc.sagepub.com/content/early/2014/09/26/0038038514547896

Dahl, Silje L. & Heggen, Kåre (2014) Negotiating Identities: Patterns of Self-Presentations among Socially Integrated Cannabis Users. Young – Nordic Journal of Youth Research (kjem i nr 4/2014)

Dahl, Silje L. (2014) Remaining a user while cutting down: The relationship between cannabis use and identity. Drugs: Education, Prevention & Policy, [Early Online]. Tilgjengeleg på:  http://informahealthcare.com/doi/pdf/10.3109/09687637.2014.920765

Dahl, Silje L. (2012) Sensitive tema og hårsåre informantar som metodologiske utfordringar i kvalitativ forsking. Sosiologisk Tidsskrift, 20 (1)

Diskusjon

Det er stengt for kommentarer.

- -

Arkiv