Nyheter

Vil ha slutt på cannabisbruken på Stord

Tilsette ved ei rekke offentlege etatar og tenester var sist veke på hasjavvenningskurs. 

Sist veke fekk representantar frå ei rekke offentlege etatar og tenester fagleg påfyll og inspirasjon, då det blei skipa til hasjavvenningskurs i kjellaren på Stord kulturhus. Håvard Berge og Sidsel Strand jobbar dagleg med problematikken i Kristiansand kommune, og delte sine erfaringar. – Me har drive med dette sidan 2005, og har utvikla eit program for cannabis som både dekkjer dei som berre har prøvd litt og dei som har utvikla avhengnad. For ein blir faktisk fysisk avhengig av å røykja cannabis, seier Håvard Berge.

Håvard Berge, Ingrid Solheim, Sidsel Strand og Kenneth Stenbråten utveksla sist veke erfaringar med rusarbeid. FOTO: ANDERS TOTLAND

Håvard Berge, Ingrid Solheim, Sidsel Strand og Kenneth Stenbråten utveksla sist veke erfaringar med rusarbeid. FOTO: ANDERS TOTLAND

Parkeringsdop
Etter mange års arbeid med denne type rusproblematikk, er det eitt aspekt ved cannabisbruken Berge synest er ekstra viktig å trekka fram. – Dette er eit «parkeringsdop» for ungdom. Korttidsminnet blir svekt, det å ta til seg ny lærdom bli vanskelegare, og ein får mindre motivasjon til å gå på skulen og å følgja rutinar. Ein blir sløvare og sløvare, og det påverkar livet på mange måtar, seier Berge. For dei som skal slutta med cannabis er det ikkje nødvendigvis dei fysiske abstinensane som er dei verste, meiner Sidsel Strand. – Det er vekene etter at dei verste fysiske abstinensane er vekke, som er dei verste for mange. Då kjem alle kjenslene som ein tidlegare har døyvd med å røykja cannabis til overflata. Det treng ikkje vera veldig vanskelege problem heller, men dei har berre ikkje lært seg å handtera problema på andre måtar enn med å røykja. Det er det mange som slit veldig med, seier Strand.

Ser behovet
Ingrid Solheim ved Maris håpar den nye kunnskapen og inspirasjonen skal bli starten på eit nytt prosjekt på Stord. – Me håpar å få på plass et verrfagleg gruppe som kan jobba saman som eit team. Då kan me spela på kvarandre, og får forankra fokuset på hasj og hasjavvenning i kommunen, seier Solheim. – Er det behov for dette på Stord? – Ja, eg vil seia at det er behov for dette her. Me har ungdom som er på politikontraktar, som har store utfordringar med cannabis. Ungdom fortel oss også at det er eit stort miljø for cannabisrøyking på Stord, og at dette er ein vanleg ting å gjera på fest. Eg opplever absolutt at det er viktig å få dette meir på dagsorden i vår kommune, seier Solheim.

Av: ANDERS TOTLAND anders@sunnhordland.no

Les originalartikkel her: http://www.sunnhordland.no/article/20140313/NYHENDE/140319893

Diskusjon

Det er stengt for kommentarer.

- -

Arkiv